top of page

GODKJENNING AV PLANPROGRAM

Godkjenning av planprogram for utarbeiding av reguleringsplan for hyttefelt på gnr 14, bnr 2.

3D-modell_NORD_midlertidig-835x537.jpg
3D-modell_OST_midlertidig-835x537.jpg
3D-modell_VEST_midlertidig-835x537.jpg

Godkjenning av planprogram

Kartet under viser planområdet (med svart stipla strek) som avgrensa i vedlagt «Planprogram, reguleringsplan for hyttefelt på gnr/bnr 14/2, Storvika hyttegrend».

 

 

 

 



Som det går frem av figuren over, ligg planarealet rett nord for det gamle tunet på Haltbakken. Størsteparten av arealet består av skogsterreng, men plangrensa omfattar også omlag 3 Daa dyrka mark. Det framtidige hyttefeltet skal ha tilkomst via eksisterande avkøyrsle til Haltbakken.

Bakgrunn
Einar Blekken søkte i 2011 om å få starte arbeidet med ein reguleringsplan for eit hyttefelt på gnr/bnr 14/2, Haltbakken. Sidan eit eventuelt framtidig hyttefelt ikkje var i samsvar med gjeldande kommuneplan (/hyttedelplan), -og sidan ein ny kommuneplan drog ut i tid, vart spørsmålet fremma i formannskapet. Saksframlegget var då basert på informasjon frå Blekken. Mellom anna var det oppgitt at han ønska inntil 20 hytter, på et areal som var avgrensa til omlag 45 Daa.

Formannskapet vedtok i møte 28.08.2012 at grunneiger kunne starte planlegging av feltet, men utvalet ønskte ikkje å «binde seg» med tanke på seinare handsaming av saka.

I 2015 mottok kommunen eit oppstartsvarsel og eit utkast til planprogram for eit areal på omlag 200 Daa, og 34 hyttetomter, kai-anlegg mm. I løpet av høyringsperioden kom det inn fire innspel til oppstartsvarselet, og tre av dei var negative til planprogrammet. Halsa kommune aviste planprogrammet i formannskapssak 28/5 2015 med følgjande vedtak:

Planprogrammet vert ikkje godkjent jfr. høyrings-uttalane. Grunneigar bør vurdere storleiken på feltet, og om han ønskjer å få feltet inn i kommuneplanen sin aeraldel.

I september 2015 inviterte planlegger og grunneigar høyringsinstansane på synfaring i planområdet. Halsa kommune, Fylkesmannen og fylkeskommunen møtte opp, og ei redusert utbygging var presentert av tiltakshavar og drøfta av oss som var til stades. I tillegg var strukturendringar i det framtidige planprogrammet eit tema, og etter synfaringa har vi motteke eit revidert planprogram, som med dette vert fremma for fastsetting (Sjå lover under).

Lover
Plan og bygningslova, § 12-9: Behandling av planprogram for planer med vesentlige virkninger. For planer som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal det utarbeides planprogram etter reglene i § 4-1. Forslag til planprogram skal sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn senest samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Forslaget skal også gjøres tilgjengelig gjennom minst én avis som er alminnelig lest på stedet og elektroniske medier. First for å gi uttalelse skal være minst seks uker. Kommunen avgjør om planprogram skal fastsettes. Planprogrammet fastsettes ordinært av kommunestyret. Kommunestyret kan delegere myndigheten til å fastsette planprogram i samsvar med kommunelovens regler.



Faktiske opplysninger
Kommunen har motteke eit revidert planprogram for ein reguleringsplan for 20 hyttetomter, med eit totalareal på 66 Daa. Området ligg i Storvika, nord for Haltbakken på gnr/bnr 14/2. Planprogrammet legg til grunn at byggegrense mot strandlinje (middelflo) skal vere minimum 50 meter. I tillegg tenkjer grunneigar å etablere båthamn med molo og gjesteplassar, og planprogrammet legg føringar for framtidig regulering som sikrar at areala innanfor plangrensa vert offentleg tilgjengelege som turområdet. Planprogrammet omtalar også parsellhagar og leikeplassar i den framtidige planen.

Innspel til oppstartvarslet og planprogrammet:
1. (Innspel etter første utkast til planprogram) Jette Randi Estensvoll og Vidar Fjell påpeikar at planen ikkje er i samsvar med overordna plan, samt at det er mogeleg hekkande ørn og hjort på arealet som er tenkt utbygd. Dei minner og om at skissene for utbygginga no viser nesten dobbelt så mange hytter som omsøkt i 2011.

Kommentar: Det reviderte planprogrammet skisserer ein (no) redusert plan for omlag 20 hyttetomter, molo/kai i stranda, leikeareal og parsellhagar. Den framtidige konsekvensanalysen og utgreiin av verknader vil vere avgrensande for kva som er akseptabelt omfang av utbygginga.

Det stemmer av planen ikkje er i samsvar med overordna plan, og dette er også grunnen til at tiltakshavar må utarbeide planprogram og konsekvensanalyse for planarealet. Tiltakshavar har vente på kommuneplanen sin arealdel i mange år no, og derfor har Halsa kommune opnä opp for at planen kan utarbeidast før/parallelt med kommuneplanen sin arealdel.

Konsekvensanalysen må avdekke om det er hekkande ørn innanfor området, og om hjortepopulasjonen har sæskilt verdi.

2. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 10.11.2015 minner om at det skal utarbeidast risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) for området, og at samfunnsinteresser og tryggleik, samt born sine interesser må ivaretakst i planarbeidet. Vidare har fylkesmannen diverse krav til utforming av hamna og eventuelle utfyllingar i sjø som vert aktuelle ved utarbeiding av planen.

Kommentar: Vi føreset at planen vert utarbeida i samsvar med gjeldande lovverk, og at fylkesmannen sine innspel vert tekne omsyn til.

3. Statens Vegvesen, 15.10.2015, har ingen merknader på noverande tidspunkt.

4. Møre og Romsdal fylkeskommune, 9.11.2015, nemner at KU-dokumentet skal vise korleis utgreiingane har påverka resultatet, og stiller spørsmål ved at planprogrammet i enkelte tilfeller uttrykker at løysingane er valde. Minner om at det er stilt krav om arkeologisk registering, og etterlyser vurdering av potensialt funn, og planlagte avbøtande tiltak i fall registreringa medfører funn. Dei andre innspela til fylkeskommunen omhandlar dei framtidige plandokumenta.

Kommentar: Den siste versjonen av planprogrammet har ei kort beskriving av avbøtande tiltak.

5. Kystverket 21.01.2015 (innspel etter høyring av første utkast til planprogram) anbefaler å bygge ut andre områder med hytter, dersom hamna skal vere ei føresetnad for hyttefeltet. Dette fordi kystverket meiner hamna er utsatt for ver, og at grunnforholda er uheldige

Kommentar: Konsekvensanalysen og geotekniske undersøkingar under planlegging av moloen må inngå i planomtalen og kosenkvensanalysa, og vil avklare om vika har eit potensiale som hamn. Ein framtidig reguleringsplan må i konsekvensanalysen og i planomtalen dokumentere at grunnforholda og straumforholda er akseptable for ei trygg utbygging.

6. Halsa kommune, 26.10.2015 presiserer at formannskapet i Heim ikkje har godkjent ei eventuell framtidig utbygging, men har opna for at grunneigar kan utarbeide eit planforslag. Halsa kommune føreset også at det er siste oversende sosi-fil som beskriv arealet, sidan storleiken er oppgitt til 75 Daa i oppstartsvarselet, og tidlegare 52 Daa i invitasjon til synfaring, medan oversende sosifil er på omlag 66 Daa. Vidare går innspelet på korleis vi ønskjer planen utforma og levert.


Samadrag/vurdering:
Halsa kommune meiner at planprogrammet for Storvika hyttegrend no har god kvalitet. Kommunen føreset at tiltakshavar vil ta omsyn til høyringsinstansane sine innspel angåande den framtidige planen.

last ned.png
bottom of page